Verdidokument

Verdidokument - Sande Arbeiderparti

Vi Vil! 

Sande Arbeidarparti har som målsetjing å vere pådrivar for å skape trivsel og bulyst i denne særeigne kommunen ut mot Stadthavet. Vi ynskjer å bygge vidare på dei kulturelle røtene og tradisjonane som folket i Sande kommune er kjende for. Sande Arbeidarparti vil legge til rette for nyetableringar gjennom utbygging av bustadområde i alle bygdelag, gjennom likebehandling, høg standard og gode økonomiske vilkår.

Barn og unge er vår viktigaste ressurs. Derfor bør kommunen satse høgt for å gi ein trygg, meiningsfylt og lærerik oppvekst. Vi vil også att ungdomsrådet skal få meir makt og ansvar, gjennom tale og forslagsrett til dei politiske organa.

Sande Arbeidarparti vil følgje ei raus og solidarisk line i utforminga av oppvekstpolitikken. Dette kan vi først og fremst få til ved å sørge for mange nok og dugande vaksne i barnehage og skule. Vi vil også hjelpe dei som av ulike årsaker treng ekstra støtte i oppveksten. Vi i Sande Arbeidarparti vil at alle vaksne med formelt ansvar for barn og unge må vere særs merksame på barn og unge som slit i fagleg/sosial læring og utvikling, og raskt gi den hjelpa som trengst. Vi må samarbeide slik at ingen fell utanfor. 

Høg livskvalitet oppnår ein mellom anna når einskildmennesket opplever å ha innverknad på eigen livssituasjon. Sande Arbeidarparti vil prioritere omsorg og helse høgt, og gje folk i Sande kommune trygge og gode kommunale tenester. I omsorga vil vi arbeide for at innbyggjarane skal kunne vere heime lengst mogleg. Vi vil at alle skal vere sikra eit individuelt tilpassa behandlings og omsorgstilbod. Vi vil også styrke den heimebaserte omsorga slik at det er nok ressursar til at eldre kan få bu heime. Vi må fortsette å halde oss oppdaterte på og sjå dei mogleikane vi kan oppnå innan velferdsteknologi. Arbeidarpartiet er opptekne av at menneske med rus og psykiatriproblem vert møtte med likeverd og respekt. 

Sande Arbeidarparti vil prioritere eldreomsorg høgt, og gi seniorane i Sande kommune trygge og gode kommunale tenester. Vi vil ta dei eldre med på råd, og opprette eigne kontaktledd med dei eldre og pensjonistlaget. Sande Arbeidarparti vi leggje forholda til rette for eit godt samarbeid, og byggje gode relasjonar på den ressursen dei eldre utgjer. Sande Arbeidarparti vil legge til rette for samarbeid med dei eldre, slik at dei kan vere til samfunnsnytte og få eit meir meiningsfylt liv.

Sande Arbeidarparti tek utfordringane med miljøet på alvor. Sande har ein rikdom som vi må nytte, fjell og kyststripa vår er viktig for innbyggjarane i kommunen. Friluftsliv har stor eigenverdi for den einskilde, og gjev god folkehelse. Vi vil forvalte natur på ein måte som gjev både nolevande og framtidige generasjonar høve til naturopplevingar. Å ta vare på økologisk mangfald er ikkje berre ei nasjonal sak, men eit område der Sande kommune har eit ansvar. Vi går derfor inn for at det skal verte utarbeidd ein miljøplan både for kommunen og for regionen. Forvaltning av ressursar med levande gardsbruk er ein viktig ledd for å pleie landskapet i Sande.