Sande Arbeidarparti 2023-2027
Vi <3 Sande

Ein god oppvekst varer heile livet
Barn og unge er ein svært viktig ressurs. Derfor bør kommunen satse høgt for å gi ein trygg, meiningsfylt og lærerik oppvekst.
Sande Arbeidarparti vil følgje ei raus og solidarisk line i utforminga av oppvekstpolitikken. Dette kan vi først og fremst få til ved å sørge for mange nok og kompetente vaksne i barnehage og skule. Vi vil hjelpe dei som av ulike årsaker treng ekstra støtte i oppveksten og vi skal arbeide for at laget rundt barnet vert styrka slik at færre unge fell utanfor arbeid og samfunnsliv.
Sande Arbeidarparti skal:
- Sikre at skule og barnehage i Sande har ei ramme og form som gjer at komande born får ein god stad å lære og ein god stad å vere.
- I tett samarbeid med ungdomane, det kommunale og lag og organisasjonar vil vi prioritere møteplassar for ungdom, også på tvers av bygdene.
- Sørge for at aktivitetar som er retta inn mot barn og unge vert prioritert og at vi får på plass ordningar som gjer at alle skal få delta på fritidsaktivtetar uavhengig av økonomisk bakgrunn.
- Halde fram med, og vidareutvikle dei gode tiltaka som til dømes ungdomsarbeidar og frivilligsentral.
God helse og livskvalitet for alle
Høg livskvalitet oppnår ein mellom anna når einskildmennesket opplever å ha innverknad på eigen livssituasjon. Sande Arbeidarparti vil prioritere omsorg og helse høgt, og gje folk i Sande kommune trygge og gode kommunale tenester.
Sande Arbeidarparti har eit særlig fokus på at fagmiljøet innan rus og psykiatri vert styrka, og at vi følger den nasjonale politikken med å satse endå meir på førebygging.
Vi vil arbeide for at innbyggjarane skal kunne vere heime lengst mogleg. Vi vil at alle skal vere sikra trygge og gode kommunale tenester, med eit individuelt tilpassa behandlings og omsorgstilbod. Der innbyggarane har tilgang på til dømes tannlege, ergoterapeut og psykolog.
Sande Arbeidarparti vil prioritere tilhøva for dei eldre høgt. Vi vil ta dei eldre med på råd, vi vil byggje gode samarbeid med tanke på den ressursen dei eldre utgjer. Sande Arbeidarparti vil både kommunalt og at ein gjennom frivillige lag og organisasjonar legg til rette for betre samarbeid med dei eldre, slik at dei kan vere til samfunnsnytte og få eit meir meiningsfylt liv.
Sande Arbeidarparti skal:
- I samarbeid med det frivillige bidra til aldersvennleg samfunn og god psykisk helse for eldre gjennom fleire kulturelle, sosiale og fysiske aktiviteter og møteplassar for eldre.
- Dei som vert råka av demens, og deira pårørande skal verte tekne vare på.
- Ha eit særleg fokus på å styrke fagmiljøet innanfor rus og psykiatri i kommunen, vi må sikre at både born og vaksne får eit godt tilbod.
- Jobbe for at heile Sande skal vere universelt utforma. Alle innbyggarane våre skal ha tilgang på kommunale bygg.
Levande bygder
Sande Arbeidarparti skal vere ein pådrivar for bulyst, gode tenester, samarbeid og trivsel. Sande kommune skal vere ei god kommune å bu i heile livet, der vi har gode tenester som tek vare på alle som bur i kommunen vår.
Vi skal i samarbeid med næringsliv, lag og organisasjonar, halde med å utvikle dei positive tiltaka som skjer i kommunen vår. Vi ynskjer å bygge vidare på dei kulturelle røtene og tradisjonane som folket i Sande kommune er kjende for og legge til rette for nyetableringar gjennom utbygging av bustadområde i alle bygdelag.
Det er viktig at vi held fram med å vere ein pådrivar for å knyte heile Sande tettare saman ved å halde fram arbeidet for fastlandstilknyting for Sandsøy og Kvamsøy og Rovdefjordsambandet. Samt auke standard og tryggleik på det ferjemateriell som i dag vert nytta for fastlandet og spesielt øyane i Sande kommune, og sjå på ulike måtar å kytte Gurskøya tettare til Sandsøya og Kvamsøya.
Sande Arbeidarparti skal:
·Halde fram med å vere ein pådrivar for å knyte heile Sande tettare saman.
- Sørgje for gode kommunale tenester gjennom likebehandling og høg standard.
- Sikre at vi har byggeklare tomter i alle bygdelag og satse på å etablere fleire utleigebustadar i heile kommunen. Legge til rette for at førstegangsetablerarane får eit butilbod.
- Vere ei god pendlarkommune, opningstidene til sfo og barnehage må vere tilpassa dei som pendlar.
- Gi frivillige organisasjonar betre rammer både økonomisk og administrativt.
- Arbeide for at Timeekspressen skal gå via Eiksundsambandet.
- Vere ein pådrivar for at Sande kan gjere seg betre nytte av synergieffekt av Stadt skipstunnel gjennom dei moglegheitene som det kan gi til dømes innanfor turisme.
Skape arbeidsplassar og eit seriøst arbeidsliv
Sande kommune skal vere ein god arbeidsgivar som involverer dei tilsette i viktige prosessar og tek i vare dei tilsette sine rettar. For Arbeiderpartiet er eit aktivt trepartsamarbeid avgjerande for å styrke tenestetilbodet. Vi ynskjer vil skape å fleire arbeidsplassar, inkludere fleire vert som ståande utanfor og prioritere å få unge inn i aktivitet, utdanning og arbeid, for eksempel gjennom NAV-ung prosjekt.
Sande Arbeidarparti skal vere ein pådrivar for å at vi på ytre søre Sunnmøre kan samarbeide meir om dei sakene som angår oss alle. Vi må stå saman skal vi klare å stå i mot den stadige sentraliseringa av tenester og arbeidsplassar. For at innbyggarane i Sande skal ha det best mogleg, og ha ein meir attraktiv bu og arbeidsregion, så må vi søke samarbeid med nabokommunane våre der vi kan.
Sande Arbeidarparti skal:
- Trygge eksisterande arbeidsplassar og leggje til rette for god næringsutvikling og befolkningsvekst. Vi skal halde fram med å utvikle Sande i lag med næringslivet, lag og organisasjonar.
- Samhandling med kommunane rundt oss skal vi styrke Ytre Søre som ein handelsregion.
- Vi må mellom anna ha operative hamner og kaier i heile kommunen.
- Auke satsinga på reiseliv som næring.
- Legge til rette for primærnæringar innan landbruk og fiskeri, og sjå på korleis vi kan realisere sjølvforsyning av mat i kommunen vår gjennom å styrke det vi har, og legge til rette for at dei som har lyst å satse får hjelp og støtte til dette.
- Etablere ope kontorfellesskap for å sikre at gründarar, små bedrifter og dei som arbeider andre stadar kan få eit godt tilbod i samhandling med kringliggande kommunar.
- Samarbeide med kommunane rundt oss for å få fleire offentlege arbeidsplassar her på ytre Søre.
Klima og natur - ramma rundt all politikk
Sande Arbeidarparti tek utfordringane med miljøet på alvor. Sande har ein rikdom som vi må nytte, fjell og kyststripa vår er viktig for innbyggjarane i kommunen.
Friluftsliv har stor eigenverdi for den einskilde, og gjev god folkehelse. Vi vil forvalte natur på ein måte som gjev både nolevande og framtidige generasjonar høve til naturopplevingar. Forvaltning av ressursar med levande gardsbruk er ein viktig ledd for å pleie landskapet i Sande.
Sande Arbeidarparti skal:
- Vere avvisande for etablering av vindmølleparker i fjellområda våre.
- Sikre eit auka fokus på klima og miljø og vere ein pådrivar for å ha god avfallshandtering både for lokale og turistar.
- Støtte og samarbeide med dei som legg til rette for turstiar.
- Gjennom målretta arbeid skal vi legge betre til rette for at mjuke trafikantar kan ferdast trygt.
-
Verdidokument
Verdidokument - Sande Arbeiderparti