Sande Arbeidarparti sitt valprogram 2019-2023
Gode oppvekstvilkår for born og unge. Vårt mål er at ingen born eller unge fell utanfor.
Føre ein eldrepolitikk som møter utfordringane vi har framfor oss.
Tryggleik i at fellesskapet tek vare på oss når vi vert sjuke. Vi skal ha ei helseteneste som skal vere tilgjengeleg for alle.
Trygge eksisterande arbeidsplassar og leggje til rette for nyetableringar og befolkningsvekst.
Utarbeide ein strategisk samfunnsplan, med berekraftige og langsiktige løysingar

Bulyst
Sande Arbeidarparti vil vere pådrivar for å skape trivsel og bulyst gjennom:
Vi skal vere gode ambassadørar for kommunen vår, vi er stolte over å bu i Sande. Derfor er det viktig at vi må halde fram med å utvikle dei positive tiltaka som skjer i kommunen vår.
Det er også viktig med utbygging av bustadfelt i bygdelag som i dag ikkje har tilgjengelege tomter. Vil vil også vere ein sterk pådrivar for etablering av fleire kommunale utleigehusvære i kommunen.
Sande skal vere ei god pendlarkommune, opningstidene til sfo og barnehage må vere tilpassa dei som pendlar. Vi må også sjå på mogleiken for å få til ein sommar-sfo.
Vi må også ta vare på dei unike naturtilhøva vi har på ein god måte, slik at dei kan nyttast også av dei som kjem etter oss.

Næringsliv, arbeidsplassar og kommunenSande Arbeidarparti vil trygge eksisterande arbeidsplassar og leggje til rette for nyetableringar og befolkningsvekst.
Vi skal legge til rette for reiseliv som næring. Det er også viktig å legge til rette for primærnæringar innan landbruk og fiskeri.
Sande kommune sin kystsoneplan må utviklast, for tilrettelegging for næringslivet og utnytting av havrommet, der Kvamsøya og Sandsøya ligg strategisk til for vekst og nyetableringar.
Nye hamneområde må etablerast samtidig som vi held fram med å vidareutvikle dei eksisterande hamneområda i kommunen.
Kvalitetssikre Sande kommune som arbeidsplass, for optimal drift og trivsel for dei tilsette.Vi skal vere ein sterk pådrivar for at Sande får sin rettmessige del av interkommunale arbeidsplassar. Og gjere næringsarbeidet i kommunen langt meir sentralt i utviklinga av kommunen.

Oppvekst Sande Arbeidarparti vil sikre gode oppvekstvilkår for born og unge. Vårt mål er at ingen born eller unge fell utanfor.
Dette vil vi gjere ved eit auka fokus på førebyggande helsearbeid. Vi må sikre at Sande kommune trer støttande til for barn og unge som har faglig/sosiale utfordringar på skule og på fritid. Og vi må sørge for mange nok og kompetente vaksne i barnehage og skule.
Ungdomsrådet skal få meir makt og ansvar gjennom tale og forslagsrett til dei politiske organa. Og vi skal prioritere UKM og andre positive tiltak for born og unge.
Sørgje for att alle born som går i skulen i Sande lærer å symje. Sikre eit auka fokus på felles måltid på skulane.
Vi skal også opprette ei ungdomskontakt, som eit pilotprosjekt for å betre kunne ta tak i utfordringane som ungdata peikar på.
Vi må prioritere møteplassar for ungdom, også på tvers av skulane.
Det er viktig å halde ved like og forbetre skulebygg, med eit særskilt fokus på sanitærforholda for ungdomsskuleelevane.
Vi må også sikre at skulen i Sande har ei ramme og form som gjer at komande elevar får ein god stad å lære og ein god stad å vere.

Natur, miljø og kultur
Sande Arbeidarparti sikre eit auka fokus på klima og miljø, og legge til rette for eit aktivt kulturtilbod for alle.
Vi er avvisande for etablering av vindmølleparker i fjellområda til Sande kommune.
Vi skal sikre eit auka fokus på klima og miljø og vere ein pådrivar for å ha god avfallshandtering både for lokale og turistar.
Redusere bruken av papir, og halde fram med papirfrie møter.
Det er viktig for oss å gi frivillige organisasjonar betre rammer både økonomisk og administrativt. Vi skal arbeide for at Larsnes og Sande kyrkje vert utbetra. Vi må få på plass kulturmiddel for lag og organisasjonar som har eit særskilt fokus på born og unge sine oppvekstvilkår. Samt betre allmenne kulturtilbod til born og unge i Sande. Vi skal også sørge for at Kong Arthur spelet får gode vilkår for å utvikle seg.

Helse og omsorg Sande Arbeidarparti vil at fellesskapet skal ta vare på oss når vi vert sjuke med veltilpassa helse- og omsorgstenester.
Vi må ha eit fokus på førebygging ved å styrke skulehelsetenesta og tilbodet til gravide. Dette gjer vi med å sikre helsestasjonen gode vilkår.
Sande kommune skal ha nok institusjonsplassar i Sande til dei som treng det. Og vi vil at Livsgledesertifisering skal vere eit middel for å løfte kvaliteten for dei som bur på institusjon.
Psykiatritilbodet i kommunen må betrast, og vi må sikre at både born og vaksne får eit godt tilbod.
Legge til rette for at færre unge fell utanfor arbeid og samfunnsliv.
Saman med fleire satse på å oppretthalde å vidareutvikling Volda Sjukehus og Mork Rehabiliteringssenter.
Eldre Sande Arbeidarparti vil føre ein eldrepolitikk som møter utfordringane som ligg framfor oss.
Vi skal utarbeide ein overordna omsorgsplan og utbygging for eldre, der tilgangen til Sande kommune sine institusjonar for eldre og omsorgsbustadar vert dimensjonert for framtida sitt behov.
Etablere ei eiga eining der ”Eldre hjelper eldre” i Sande kommune, med mål om at den ressursen dei eldre utgjer, skal nyttiggjerast og at dei får ein meir verdig og trivelig kvardag.
Vi vil at eldrerådet skal få meir makt og ansvar, gjennom tale og forslagsrett til dei politiske organa.
Det er også viktig å halde fram med det gode arbeidet som vert gjort, samt auke satsinga på velferdsteknologi.
Samferdsle: Trafikk og miljø
Sande Arbeidarparti vil få på plass ein god trafikktryggingsplan med særskilt fokus på mjuke trafikantar.
Sikre ein trygg og god skuleveg for alle borna i Sande. Intensivere arbeidet for etablering av gangveg mellom Sætre og Haugsbygda. Arbeide for ny trafikkløysing for mjuke trafikantar i Halleskiftet. Arbeide for ny gangvegundergang i skulekrysset på Larsnes.
Stå på for ny oppstillingsplass ved Årvik ferjekai og gangveg tilknytt denne.
Arbeide for ny Daleveg på Larsnes.
Utvikle AMBU som arbeidsrute til Sandsøy og Kvamsøy slik at også helsetenestene kan få auka nytteeffekt.
Få på plass trafikktryggingsplan som er virkemiddelet for sentrale tilskotsordningar.
Samferdsle: Region
Sande Arbeidarparti vil jobbe for å knyte heile Sande tettare saman, samt å sikre at vi dreg betre nytte av regionale tiltak.
Jobbe for fastlandstilknyting for Sandsøy og Kvamsøy og Rovdefjordsambandet. Samt auke standard og tryggleik på det ferjemateriell som i dag vert nytta for fastlandet og spesielt øyane i Sande kommune. Sjå på ulike måtar å kytte Gurskøya tettare til Sandsøya og Kvamsøya.
Timeekspressen skal gå via Eiksundsambandet. Sande skal gjere seg betre nytte av synergieffekt av Stadt skipstunnel.

Vi lovde – og har gjennomført i perioden 2015-2019 :
Døme på tiltak vi har arbeidd med, og vore særskilt opptekne av:
- Gangveg Vågen – Almestad fullført - Nye bustadfelt, Gjerde-Riise i Gjerdsvika og Haugelia Vest i Gursken - Fleirbrukshall på Larsnes – Fullført - Planarbeid knytt til Rovdefjordbrua og Sande fastlandssamband. - Storehaugen bustadfelt – Vore pådrivar for framdrift. - Arbeidd med full barnehagedekning – Gursken og Larsnes, med ny avdeling i Haugelia barnehage. - Arbeidd med sentrumsnære husvære på Larsnes. - Pendlarrute til øyane m/fylkeskommunal tilskot. - Kjempa for at befolkninga i Sande Kommune fikk sin demokratiske rett til å sjølve få innsynsrett i kommunereformen, og gå til folkerøysting. - Arbeidd for Norske lønns og arbeidsvilkår på Norsk kyst og sokkel for sjøfolk. - Sett fokus på interkommunalt samarbeid, der Sande også skal få etablert denne typen arbeidsplassar . - Arbeidd for effektivisering og omstilling av Sande kommune. – Arbeidd for at møtegodtgjersla for folkevalde vart redusert med 50%. - Framlegg om krav på godtgjersle frå Havbruksfondet v Marin Harvest anlegg. -Arbeid for at Sande kommune skal marknadsføre nye Gjerdsvika hamn. - Arbeidd mot etablering av vindmøllepark på fjella i Sande kommune.
Desse står på liste for Sande Arbeidarparti
1 Arnljot Muren
2 Geir Terje Torsvik
3 Camilla Auflem Vik
4 Unny Iren Haugen
5 Oddbjørn Husøy
6 Dagny Brekke
7 Trond Torset
8 Sara Fugledal Wiik
9 Jostein Korsnes
10 Toril Urkedal
11 Rasmus J Ekroll
12 Anne Marthe Gjerde
13 Egil Johan Rovde
14 Sunniva Nyhagen Nupen
15 Tor Egil Gulbrandsen
16 Stine Sætre
17 Silje Marlén Haugen Vikene
18 Eli K. Rekdal
19 Jostein Stokset
20 Gro Brandal
21 Ronny Prozenko
22 Bodil Brandal
23 Jon GarenBruk stemmeretten dinGodt val